Yasir Arafat

Mohammed Abdel Rahman Abdel Raouf Arafat al-Kidwa al-Husseini, kjend som Yasir Arafat og med dekknamnet Abu Ammar (fødd 24. august 1929 i Kairo, død 11. november 2004 i Clamart) var ein palestinsk leiar. Han var formann i den palestinske frigjeringsorganisasjonen (PLO) og president i dei palestinske sjølvstyresmaktene (PNA), og kjempa mot den israelske staten og for palestinsk sjølvråderett. Han brukte mykje av livet sitt på å leie det sekulære, politiske partiet Fatah, som han danna i 1959. Arafat var opphavleg imot Israel sin eksistens, men modifiserte posisjonen sin i 1988, då han aksepterte resolusjon 242 frå tryggingsrådet i FN. Arafat og rørsla hans opererte frå fleire arabiske land. På slutten av 1960-talet og starten av 1970-talet kjempa Fatah mot Jordan, i det som vart ein kortvarig konflikt. Arafat og Fatah vart pressa ut av Jordan og inn i Libanon, der dei var mål for invasjonane til Israel i 1978 og 1982. Fleirtalet av det palestinske folket, uavhengig av politisk ideologi eller fraksjon, såg på han som ein fridomskjempar og martyr som symboliserte dei nasjonale ynska deira. Mange israelarar såg derimot på Arafat som ein terrorist på grunn av dei mange åtaka gruppa hans gjorde mot sivile. Seinare i karrieren var Arafat med i ei rekkje forhandlingar med dei israelske styresmaktene, med sikte på å gjere slutt på den fleire tiår lange konflikten mellom Israel og PLO. Forhandlingane inkluderte Madridkonferansen i 1991, Oslo-avtalen i 1993 og Camp David-forhandlingane i 2000. Dei politiske rivalane hans, inkludert islamistar og fleire venstreorienterte PLO-medlemmer, skulda han ofte for å vere korrupt eller for å vere undergjeven i forhandlingane og avtalane med dei israelske styresmaktene. I 1994 fekk Arafat Nobels fredspris saman med Yitzhak Rabin og Shimon Peres for forhandlingane sine i Oslo. På denne tida kom Hamas og andre paramilitære organisasjonar til makta og undergrov autoriteten som Fatah og Arafat hadde gjort krav på. Seint i 2004, etter å ha vore innesperra i hovudkvarteret sitt i Ramallah i over to år av den israelske arméen, vart Arafat sjuk og fall i koma. Arafat døydde 11. november 2004, i ein alder av 75 år. Dødsfallet skapte stor sorg i det palestinske folket, og det vart spekulert hyppig i media om potensielle dødsårsaker. Den nøyaktige dødsårsaka er framleis ukjend, og sjølv om legane snakka om idiopatisk trombocytopenisk purpura og skrumplever, vart det ikkje gjort nokon obduksjon.


Developed by StudentB